Statistikken talar for at camping er i frammarsj i Norge og Nordfjord er på ingen måte noko unntak. Fjordingen snakka med ein av mange som har parkert seg ved ein av campingplassane ved Oppstrynsvatnet.

På Mindresunde Camping møtte vi Bente Leine frå Gjerdsvika i Sande. Ho er på plass for femte året på rad.

Fasinert

– Det er liksom friplassen min då, her er det fred på jord, skrattar Bente medan ho smør seg inn med solkrem. Ho fortel om første gongen ho var på denne campingplassen.

– Eg var og besøkte ei venninne her, det må vere fem, seks år sidan. Vi hadde det so kjekt og eg fall pladask for denne staden her ved vatnet. Eg vart heilt fasinert, fortel Bente. Ho fortel om turar i båt på vatnet. Om fjellturar, om venskap med dei andre faste camparane på denne staden.

Fleire fastbuande

– På denne campingplassen er det 17 faste vogner, så det er mange som kjem hit kvart einaste år. Vi kjenner kvarandre ganske godt no, fortel Bente. Ho understrekar at litt ro er ein viktig faktor når det først er ferie.

– Det er viktig at ein får nytta ferien til å slappe skikkeleg av, det klarer eg her, fortel Bente som gjerne viser Fjordingen inn i det såkalla spikarteltet som ser ut som ei fullverdig leilegheit.

– Eit av dei beste kjøpa vi har gjort. Dette er campingdraumen min, fastslår Bente.

Nøgd Leif Ståle Skår hjå Mindresunde Camping

- Beste året på lenge

Resepsjonist hos Mindresunde Camping, Leif Ståle Skår, har ikkje konkrete tal å vise til, men er klar på at campingplassen ved Oppstrynsvatnet har vore svært godt besøkt i år.

– Det har tidvis vore heilt fullt, så vi må ha fortalt ein del folk at dei må finne andre plassar, fortel Skår.

Idyllisk Utvilsomt idyllisk ved Oppstrynsvatnet Foto: Roger Oldeide

– Er det slik at det går mot ny rekord i år?

– Det tør eg ikkje seie, men vi har vore mykje fullbooka. Det er og tydeleg at det er fleire bubilar i år enn det pleier å vere. Eg trur mange nordmenn har investert i bubil, seier Skår. Han legg til at det er fleire såkalla fastbuande på denne campingplassen.

– Fleire av dei har lagt ferien sin hit i mange år, opplys Skår.

Leif Ståle Skår hjå Mindresunde Camping
Utvilsomt idyllisk ved Oppstrynsvatnet Foto: Roger Oldeide