Grunna vermeldingar om regn og torden er minnemarkeringa for ofrene etter 22. juli-terroren flytta frå Betaniaparken inn i fojaeen i Stryn kulturhus.

- Det vil bli talar og musikk inne i fojaeen i kulturhuset. Markeringa vil bli avslutta ved at ein legg ned blomster og kransar ved minnestøtta i Betaniaparken etter seremonien innandørs, opplys fungerande ordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim.

Tidspunktet for markeringa er som annonsert i dag fredag kl. 17.00.