Sjå nøye på dette bildet: Når til og med flåtten har flått, då må det vel kunne kallast eit flåttår.

- Flåtten, eller flåttane, sat på katten vår, Simbus, fortel Svein Otto Espe frå Hornindal. Det var då han skulle fjerne det plagsame krypet frå katten at han oppdaga at til og med flåtten hadde flått.

Men det viser seg at det er endå eit kapittel i saka:

Ved å søkje informasjon hos ekspertisen har vi no fått oppklart at dette faktisk er noko så eksklusivt som to flåttar som formeirer seg.

- For å bruke eit skikkeleg dårleg ordspel: Dette er rett og slett to flåttar som har det flott, seier Alfred Bjørlo, biolog og spesialist på insekt.

- Så stor storleiksskilnad er det rett og slett på flåtten.

Styreleiar i Nordfjordkryssing, Alfred Bjørlo. (Arkiv

- Kven er kven?

- Hoa er den store. Ho syg blod og skal ha næring til å fø fram ungar. Hannen er berre ein liten tass!