Det vart ei verdig markering i kulturhuset og ved minnestøtta i Betaniaparken i ettermiddag.

Mange møtte opp for å minnast Hanne Kristine Fridtun og alle dei andre som miste livet på Utøya og i regjeringskvartalet for fem år sidan.

Fungerande ordførar Torstein Tvinnereim opna seremonien med ein tale der han mellom anna mintest tida etter tragedien.

- Då det ikkje var tårer att, kom motløysa, då motløysa sleppte taket kom sinnet, då sinnet veik plass kom omtanke, med omtanken kom kjærleiken og jaga hatet med hender som i kjærleik heldt kvarandre. Norge reiste seg i eit rosehav og nekta å la frykta for terroren vinne, sa han.

Deretter gav han ordet vidare til Nils Petter Støyva frå Arbeidarpartiet. Han kjende Hanne Kristine godt. Han fortalde at ho ofte kom sprudlande inn på kontoret hans med nye tankar og idear om korleis samfunnet kunne endrast og gjerast betre.

- Hanne Kristine var ei ung og pågåande kvinne med stort engasjement og hjarterom. Ho ville alle det beste og hadde eit særskilt engasjement og omsut for dei svake i samfunnet, sa Støyva i talen sin.

Marius Arntzen og Ketil Rasmussen stod for musikkinnslaget før forsamlinga bevegde seg bort til minnestøtta i Betaniaparken. Her la fungerande ordførar Tvinnereim ned ein krans, etterfølgt av eitt minutts stillheit.

Varaordførar Torstein Tvinnereim og Nils Petter Støyva frå Arbeidarpartiet tala på minnemarkeringa 22. juli. Foto: Ingrid Kvåle Faleide