Helge Hafsås vann sitt 20. Hornindalsvatnet Maraton

"Maratonmannen" Helge Hafsås i fint driv under årets Hornindalsvatnet Maraton - det var faktisk her han debuterte i sitt første heilmaraton i 1994. Foto: Ingrid Kvåle Faleide

Vinnar av dameklassen: Louise Skak frå Romerike Ultraløpklubb var best blant damene som sprang heilmaraton. Ho kom først i mål med tida 3.25,19.

New Articles

- I dag trudde eg faktisk at han skulle bli forbisprungen, men jammen vann han i år også!

Det sa abdisert maratongeneral Inge Asbjørn Haugen etter at Helge Hafsås vann sitt 20. maraton i Hornindal i dag med tida 2.56,40.

Ingen andre greidde å kome i mål på under tre timar, men Nils Hjelle som spring for Team Sportsmanden, var ikkje langt i frå med tida 3.01,33. På tredjeplass heilmaraton menn kom Hilmar Kråkenes frå Almenning IL med tida 3.13,51.

Blant damene som sprang fullt maraton var det nokså jamt. Her kom Louise Skak frå Romerike Ultraløpklubb først i mål med tida 3.25,19. Deretter kom Linda Hovde frå Skar-Hovde Runners inn på tida 3.27,25, etterfølgt av Nina Bjørnsen frå Ålesund på 3.30,44.

Halvmaraton menn vann Magnus Alsaker frå Ranheim IL med tida 1.23,06. Esther Innselset var best av damene, ho kom i mål på 1.35,47.

Det vart også arrangert 10 km-løp og minimaraton på 4219,5 m.

Meir om Hornindalsvatnet Maraton kan du lese i papiravisa tysdag.