Anders Fannemel viste igjen at hoppformen er inne ved å ta andre plass i dagens hopprenn i Summer Grand Prix i Wisla.

Honndølen hoppa 131 m i første omgang og 126,5 i andre. Det var ingen andre enn polske Maciej Kot som kunne hamle opp med Anders Fannemel. Han hoppa 133,5 og 127 m gjekk han inn og tok ein populær siger på heimebane, rundt 5 poeng framfor Fannemel.

- Det har funka veldig bra her, seier Anders Fannemel til Fjordingen etter nok eit godt renn. I går vart det siger i laghopp, der Norge vann framfor Slovenia.

- Du seiest å ha hoppa godt sidan du kom til Polen?

- Eg er veldig fornøgd med dei beste hoppa mine, og det er også artig at eg heng med oppi der også på dei mindre bra. Då har eg gjort i alle fall litt riktig fram til no i sommar.

- Kor mykje trur du at du får med deg av dette til vinteren?

- Eg har eigentleg ikkje toppa formen i det heile tatt fram mot renna her, så eg hadde ikkje store forventningar. Så får eg sjå om det betrar seg fram mot hausten og vinteren.

Anders Fannemel har igjort det svært godt i begge renna sidan kom til Summer Grand Prix i Wisla. Foto: Tadeusz Mieczynski

Andreas Wellinger vart nummer tre, Robert Kranjec nummer fire og Peter Prevc nummer fem.

Nest beste nordmann vart Joann Andre Forfang på 12. plass.