- Vi hadde lyst til å ha ei gudstjeneste som inkluderte menneske som snakka forskjellige språk, fortel sokneprest Henny Koppen.

Søndag kveld var det internasjonal gudsteneste i Loen Kyrkje. Det var skuffande dårleg oppmøte, men dei som var til stades hadde ei fin stund.

- Vi hadde budd oss på å ta i mot menneske som snakka nederlandsk, tysk, engelsk, spansk og fransk, seier Koppen.

Soknerådet hadde oversett tekstane og funne salmar som passa på alle desse språka, men fekk berre bruk for nederlandsk og engelsk, i tillegg til norsk.

- Det vart delt ut liturgihefte som var heilt identiske på alle språka, slik at alle kunne følgje med i frå a til å. Så lagde eg den norske versjonen ut i frå det heftet, forklarar Koppen.

- Kvifor ville de gjere dette?

- Vi ønskte å gjere dette fordi det er mange kristne som ønskjer å delta i gudstenester også når dei er på ferie.

- Kva tilbakemeldingar har du fått?

- Dei syns det var greitt å følgje med faktisk, og det stemmer med mine eigne erfaringar frå utlandet. Når eg går på gudsteneste med spansk eller andre språk eg ikkje forstår er det likevel lett å følgje med fordi liturgien er så lik i alle kyrkjer.

- Er dette noko de vil halde fram med?

- Vi har berre hatt ei slik internasjonal gudsteneste i år, men vi vil nok prøve å gjenta det neste sommar også.

Etter gudstenesta inviterte Loen sokneråd til kyrkjekaffi.