Røde Kors gjer ein viktig jobb under Malakoff Rockfestival.

- Det var kontinuerleg vakt frå fredag klokka 15 til søndag klokka 16, fortel Sindre Kiviranta.

Kiviranta (20) er ein av rundt 40 "korsarar" som var på vakt under årets festival.

- Personleg tykkjer eg det er eit veldig gjevande arbeid, og ikkje minst spennande, seier Kiviranta.

Det er fjerde året han er sanitetsvakt på Malakoff.

- Ein får oppleve festivalen på ein heilt anna måte. Det er utruleg løgje å få vere med å gje festivaldeltakarane den beste festivalopplevinga, seier han.

Han er med først og fremst for å gjere eit viktig arbeid.

- Men det er eit viktig arbeid som vi stortrivast med å gjere! understrekar han. Vi er ein knakande god gjeng som held på, og vi kosar oss med arbeidet.

Dei prøvar så godt dei kan å lage god stemning ved sidan av å behandle skadar av større og mindre omfang.

- Ein stor del av jobben på slike festivalar er å passe på overstadig rusa menneske som har hatt det litt for moro, fortel Kiviranta.

Han er stolt medlem av Eid Røde Kors hjelpekorps. Men under Malakoff får dei hjelp frå korps i heile Nordfjord. Til saman var det rundt 40 personar som bemanna opp mot 65 vakter fordelt på åtte skift.

- Utan eit godt samarbeid går ikkje ting rundt, så det er veldig viktig! seier Kiviranta.

Meir om korleis helga vart for Røde Kors kan du lese i papiravisa.

Ann-Lovise Moldestad og Sindre Kiviranta likar seg godt i jobben som sanitetsvakt. Foto: Ingrid Kvåle Faleide