Vi har lagt bak oss ei helg med store arrangement i indre og midtre Nordfjord. Ei av mange innhaldsrike helgar gjennom sommaren og året. Felles for alle arrangement, anten dei handlar om idrett eller kultur, er den enorme dugnadsinnsatsen som ligg bak. Både for å gjennomføre sjølve arrangementet og ikkje minst under førebuing og opprydding.

Denne helga stilte mykje folk opp for å gjennomføre Malakoff Rockfestival og Hornindalsvatnet maraton. Tidlegare i sommar har frivillege stilt opp i stort antal til dømes på Hornindal Rundt, Oldedagane, Ta sjansen i Oppstryn og kulturdag ved Sagedammen. For ikkje å snakke om Flo Aktiv og Grodås Cup. I helgane som kjem er det duka for nye arrangement og nye dugnadsløft. Med det felles mål å skape glede for alle som deltek.

Mange stader er det dei same eldsjelene som står på år etter år for å skape gode arrangement. Mange dugnadsfolk går frå arrangement til arrangement. For i små bygdelag finst det ikkje meir folk enn at mange må stille opp mange gonger for at hjula skal gå rundt.

Dugnad er nøkkelen til det å skape opplevingar og samhald. For dei det vert arrangert dugnad for, men og mellom dei som stiller opp på dugnad. For dugnaden som er eit løft for og i dei små grendene og lokalsamfunna er og limet som held saman. Som får folk som kanskje ikkje har så mykje felles i det daglege til å møtast og ta i eit felles tak.

Dugnad skaper fellesskap. Dugnad handlar ikkje først og fremst om å jobbe gratis, men om tilhørigheit og følelsen av å skape noko. Dei fleste likar den følelsen.

Utan dugnad hadde lokalsamfunna vore fattige på kultur og idrett, på arrangement som gir innhald i kvardag og helg. Difor ein stor honnør til alle som stiller opp for å skape gode arrangement og fine opplevingar. Løna er å glede andre.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør