Etter stor suksess i dei største norske byane er no applikasjonen "Too good to go" klar for å levere restemat i distrikta.

Sel restemat rett før stengjetid

Som ein del av arbeidet med å redusere matsvinn starta tenesta "Too good to go" i Noreg. Appen knyter kundar til eteplassar som sel ut restemat rett før stengjetid. Maten som elles ville bli kasta, blir seld gjennom applikasjonen til ein rimeleg pris.

Då applikasjonen blei lansert i Noreg, retta han seg mot folk i dei store studentbyane, skriv Nationen. Dagleg leiar i "Too good to go", Sophie Wiik trudde restematen ville vere mest populært blant studentar.

Miljøtiltak

– Det viste seg å vere feil. Kundane våre er alt frå studentar som vil ha billig middag – til forretningsfolk som kjøper seg mat på veg heim frå jobb, seier Wiik til Nationen.

Miljøtiltak er ein viktig del av applikasjonen, og framover vil Wiik prioritere distrikta. Interessa har allereie meldt seg.

– Det er mange miljøtiltak som berre finst i dei største byane. Eg er oppteken av at det skal vere noko alle kan relatere seg til. Vi vil prioritere distrikta framover, og vi ser at interessa er stor, seier Wiik. (©NPK)