I september blir det sett opp nye blinkande fareskilt på riksveg 15 ved Kyrkjeeide i Stryn. Dette er skilt som blinkar i periodar med stor fare for hjort i vegbana.

Tiltaket er eit prøveprosjekt som utførast av Statens vegvesen i samarbeid med Norsk Hjortesenter.

– Det vi veit frå tradisjonell fareskilting er at ein som bilist bli blind på fareskilta. Desse skilta er det umogleg å ikkje leggje merke til når dei blinkar, seier Johan Trygve Solheim. Han er dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter på Svanøy i Florø kommune, og er ansvarleg for prosjektet.

– Det er utvikla eit system der ein har ein simuleringsmodell som kan varsle når det er veldig høg fare for påkøyrsler, fortel Solheim.

Systemet baserer seg på data om tidlegare påkøyrsler og mellom anna data om ver, vind og snøforhold. Denne informasjonen avgjer når skiltet skal aktiverast.

I Østerdalen har skilta blitt testa ut mot elgpåkøyrsler, med veldig gode resultat.

Der viste det seg at skiltinga reduserte farten til trafikken og førte i første testsesong til at talet på elgpåkøyrsler gjekk ned til null.

Strekninga i Stryn som skal vere forsøksområde er ei 4,3 kilometer lang strekning på riksveg 15 ved Kyrkjeeide. Her har det blitt registrert 44 hjortepåkøyrsler sidan 2003.

Skilta skal etter planen vere på plass innan september.