Henrik Myhrvold (20) er aktiv utfor/downhillsyklist frå Oslo. Han er halvt stryning, og denne veka var han her på besøk hos familien.

Myhrvold har nettopp vore på reise rundt i Europa i to månader for å delta på ei rekkje ritt.

- Eg har køyrt Scandinavian Cup, World Cup og Ixs Cup.

Han køyrer samanhengande i Scandinavian Cup og ligg totalt som nr tre førebels.

- Eg er veldig fornøgd med korleis det har gått så langt, seier han.

Han hadde høyrt at det var mange bra stiar for terrengsykling rundt om i Stryn, så det var ikkje enkelt å bestemme seg for kva for ein han skulle teste ut då han var på besøk hos slekta i nokre dagar.

- Etter å ha fått litt råd om ulike stiar, bestemde eg meg for å prøve stien ned frå Hoven i Loen. Det var ei kjempekul løype med myke uvant terreng! seier han. Mykje fart og spenning på ein gong! legg han til.

Han fortel at det var uvant med så mykje barnåler.

- Det gjer at det er konstant glatt, og ein kan aldri vite kvar det er best grep. Det er veldig utfordrande, seier han, men legg til at det var ei veldig bra løype med god flyt.

- Ein sti eg garantert vil køyre igjen! seier han.

Myhrvold håpar sykkelmiljøet i Stryn vert større, og skryter av potensialet her.

- Å arrangere konkurransar ville vore med å bygge sykkelmiljøet, legg han til.

Her er verkeleg potensiale for å ha Scandinavian Cup! Go! avsluttar han.