På nasjonalparksenteret kan turistane lære om Jostedalsbreen, sjå på steinutstilling og gå i botanisk hage. Men det er på suvenirsalet at det verkeleg går unna.

Siri Nikoline Tenden jobbar på nasjonalparksenteret og sel både suvenirar og kaffi. Turistane kjem og går i bølgedalar.

– Denne sommaren har vore både hektisk og roleg til tider. Det blir jo hektisk når det blir opptil 20–30 bussar dagen, med turistar som skal innom å få servering av mat og som skal kjøpe med seg litt suvenirar heim, fortel ho.

Turistane spør ho for det meste om Jostedalsbreen, og så er dei interesserte i trolla, vikingtinga og postkort frå Oppstryn. Minne frå senteret som dei kan ta med seg heim.

Steinar sel dei mykje av. Dei sel både larvikitt, eklogitt og thulitt. Også steinar frå Oppstryn sel, dette er av dei meir vanlege bergarta kvarts og granitt.

– Dette er steinar som vi har fått etter sprenginga av Hjelletunnelen.. Det er faktisk ein god del som har kjøpt dei, i går selde vi fem stykke, fortel Siri.

På nasjonalparksenteret er det denne typen miniatyrtroll dei sel mest av.