Begge laga til Stryn gjekk vidare til A-sluttspelet i Dana cup. Stryn G15 vart nummer to i si pulje med to sigrar og eit knepent tap. Laget rauk dessverre 1-3 mot Sørfjell torsdag morgon, i ein kamp der Johan Olav Parr Flo sendte stryningane i føringa.

G16 gjekk utan særlege problem vidare til A-sluttspelet som gruppevinnar og imponerande 14-1 i målforskjell. Torsdag møtte dei Skudenes i 32-delsfinalen og vann til slutt 3-0. Scoringane kom ved Olve Marcus Eide, Marius Rauset og Mathias Lambrechts Sagevik. No ventar vinnaren av Gneist-Ham Kam i 16-delsfinalen i kveld.