Det er gitt klarsignal til at ryddearbeidet kan starte på E16 i Nærøydalen etter steinskredet tysdag, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

- Steinblokkane som kom ned frå fjellet er veldig store og må splittast før vi kan fjerne dei frå vegbana. Arbeidet med å rydde vegen vil ta ca. to-tre dagar, seier Ingar Hals frå Statens vegvesen.

Dei har sett inn mannskap som no er i gong med å rydde vegbana. Først når vegbana er rydda vil dei ha oversikt over skadane og dermed kunne seie meir om når vegen kan opnast for trafikk.

E16 mellom Voss og Gudvangen held fortsatt stengd og Statens vegsesen opplyser om følgande omkøyringsveger:

Trafikantar som skal i retning sør-nord bør nytte E39 over Lavik- Oppedal. Ein kan også nytte Hella-Vangsnes, men her er kapasiteten noko mindre og det har tidvis vore noko ventetid.

For trafikantar som skal øst-vest er det skilta omkøyring er via Rv. 7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell eller Rv.13 over Vikafjellet. Oppdaterte trafikkmeldingar og råd blir lagt ut på Statens vegvesen si nettside.

E16 i Nærøydalen har fått store skadar etter steinraset. Foto: Roy Viktor Ohnstad, Opedal Drift As