Tarjei Bø følgte opp den glimrande prestasjonen i Lysebotn Opp då han fredag kveld vann sprinten i Blink-festivalen. Det var på siste skyting han avgjorde løpet.

Tarjei skaut fullt hus og kvitta seg samtidig med Ole Einar Bjørndalen og fleire av dei argaste konkurrentane. Det var berre ein litt «ukjend» franskmann som var på skothald då stryningen tok fatt på den siste sløyfa. Den eldste av Bø-brørne i verdscup-sirkuset  var førebudd på at det kunne bli spurt. Men franskmannen mangla god nok fysisk kapasitet til å utfordre den populære vinnaren.

Tarjei brydde seg lite om at det var såkalla vestlandsver. Regn og konkurranse på rulleski er ingen god kombinasjon. Det førte til at underlaget vart både vått og glatt i enkelte parti. Bø og dei andre tok sine førehandsreglar og var litt meir forsiktige i dei krappaste svingane enn vanleg. Bø vart først og fremst hylla av det talrike publikummet for sigeren. Men det vanka også eit skikkeleg jubelbrus då speaker opplyste at Tarjei hadde bursdag.

Kunne feire

-Det er ikkje så verst å feire bursdagen med siger i Blink-festivalen, sa Bø med eit lurt glis då han ble intervjua etter målgang.

Det er ikkje første gang han feirar bursdag i Rogaland. Fleire gonger dei siste åra har han ete blautkake samtidig som det har vore Blink-festival. Den ferske 28-åringen har periodevis hatt utfordringar på standplass dei siste åra. Difor var det gledeleg at han fylte då det gjaldt som mest i Sandnes-gatene.

-Konkurransar som dette er først og fremst god trening. Du gir gjerne litt ekstra når du får på deg startnummer. Men gode prestasjonar i juli er ikkje det same som at det vil gå bra til vinteren. Eg må vere minst like flittig i treningsarbeidet framover for at det skal bli bra resultater når den ordinære sesongen er i gang, sa Tarjei som nok ein gong sette lillebror Johannes ettertrykkelig på plass. Johannes hadde ingen maksimal dag og vart nummer 12.