Det er ikkje berre Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø som gjer det godt på Blinkfestivalen som går av stabelen i desse dagar. Oskar Guddal Breivik, som konkurrerer i 15-årsklassa, deltok i går på Lysebotn opp på rulleski (2 km løype), og han enda heilt oppe på 6. plass i konkurranse med dei beste 15-åringane i landet. Under løpet var det skiftande forhold og ein del regn.

Torstein Breivik, far til Oskar, fortel at mange av toppløparane i langrenn i G-15 stilte til start, og at desse tok dei fremste plassane. Ungguten var likevel godt fornøgd både med 6. plassen og løpet elles.

Fredag føremiddag kvalifiserte Guddal Breivik seg til finalen i rulleskiskyting i Sandnes. Han hadde fjerde beste tid i kvalifiseringa trass fem strafferundar. Finalen går laurdag.