Det framleis stor skilnad mellom kva innbyggjarane betalar i kommunale avgifter i Stryn, samanlikna med i Hornindal.  Det syner den årlege undersøkinga som Statistisk sentralbyrå har laga for Huseiernes Landsforbund.

Tala visar at medan stryningane betalar 10 058 kroner årleg i kommunale avgifter, så må honndølene ut med 17 175 kronar i året.

Dei kommunale avgiftene inneber avgift på vatn, avløp, feiing og renovasjon.

Den store skilnaden kjem av avgiftene på vatn og avløp. I Stryn betalar ein huseigar tilsaman 6374 for vatn og avløp, medan ein i Hornindal betalar 13 250 for det same.

I følge VG er Årdal den kommuna i landet med dei lågaste kommunale avgiftene. Her betalar innbyggjarane 6058 kronar årleg, medan Høylandet er Norge sin dyraste kommune. Her må ein ut med 19 951 kroner i året i kommunale avgifter.

Tal frå fleire kommuner:

Stryn               10.058

Hornindal         17.175

Eid                   10.929

Sjåk                 12.940

Volda                6.577