Medan innspillinga av Hollywoodfilmen "Downsized", med Matt Damon i hovudrolla, går føre seg i Trollfjorden i Lofoten, skal lokasjonar som Stryn, Sykkylven, Stranda og Norddal vere vraka som aktuelle lokasjonar for innspeling.

- Det så lenge ut til at det skulle vere bankers med innspeling i Stryn, men i denne bransjen så endrer det seg ganske fort. Etter planen skulle vi kombinere bilete frå Lofoten og Sunnmøre, men det lot seg ikkje løyse visuelt sett, seier lineproducer i Truenorth Norway AS, Per Henry Borch. Han har vore med å legge til rette for innspeling i Norge.

Regissøren Alexander Payne, kjend for filmar som Citizen Ruth, Sideways og The Decendants, har vore på synfaring på Flofjellet i Stryn, men det skal ikkje ha vore regissøren som kasta vrak på Stryn og Sunnmøre.

- Nei, det var filmen sin VFX, eller visual effect supervisor, som tok dette valet, seier Borch og legg til;

- Det er mange som skal meine noko om dette, men det er gutta i "visual effects" som tek avgjersla. Bileta må henge saman med bilete frå Lofoten og Canada og det gjorde dei diverre ikkje. Vi får prøve på nytt til neste film, seier Borch.

- Vi skulle kombinere bilete frå Lofoten og Sunnmøre, men det lot seg ikkje løyse visuelt sett, seier lineproducer i Truenorth Norway AS, Per Henry Borch. Foto: Privat