- På toppen av Skåla ligg det no 20-30 centimeter med snø og meldingane for helga er dårlege. Vi har av hensyn til tryggleiken valt å senke målgangen til Skålavatnet, seier leiar av Skåla Opp, Erik Brendefur. Han kan opplyse om at det ligg snø ned til 800 meter over havet.

Skålavatnet ligg på 1150 høgdemeter, snaut 700 høgdemeter lågare enn Skålatårnet. Det har aldri før vore naudsynt å endre målgangen i dette motbakkeløpet som har vore arrangert sidan 2002.

- Dette har aldri skjedd før, men tryggleik går først. Skåla Opp blir iallefall arrangert, seier Brendefur.

Løpet har i år 1500 påmeldte deltakarar.