Fem personar sat i natt fast i løypa opp til Via Ferrata i Loen, opplyste politiet i natt. Ein klatrar kom fram til dei skadde rundt klokka 23:15. To av dei skal vere lettare skadde. Etter fleire timar i fjellet skal alle fem vere berga ned i morgontimane.

Operasjonsleiar i politiet, Trond Hatlenes, fortel til NRK at turgåarane skal vere turistar frå Kuwait som vart sittande fast i Via Ferrata på veg opp fjellet. To av turfølgjet har lettare skadar.

– Dei fem er kalde, svoltne og tørste, men har fått forsyningar så det vil nok snart bli betre. Situasjonen har slik vi ser det vore utan dramatikk, seier Hatlenes.