Gard Severin Mek, opphaveleg frå Folkestad, vart med tida 1.41 suveren vinnar av si klasse; BMI klassa.

Det var berre to påmelde i denne klassa, men sidan Gard Severin (38) var den einaste som stilte til start var sigeren sikra frå første steg.

Det skal ikkje ha påverka klassevinnaren at han ikkje hadde nokon å konkurrere mot.

- Eg konkurrerte først og fremst mot meg sjølv og motivasjonen var på topp for å få ei god tid, seier Gard Severin som er halvt stryning.

BMI-meisteren skal vere vand med å gå i fjellet og han har gått denne turen fleire gonger. Han er difor ikkje nøgd med at sluttida er ein heil time bak vinnaren av konkurranseklassa.

I mål Gard Severin Mek går i mål ved Skålavatnet på tida 1.41. Foto: Andreas Røren

- Eg gjekk for hardt ut. Det kjende eg godt mot slutten, men ein siger er ein siger, smilar Gard Severin som skal ta del i Skåla Opp-festen og medaljeseremonien på Hotel Alexandra laurdag kveld.

Ifølge arrangøren vil vinnaren av BMI-klassa få eit par nye sko.

Deltakarar i denne klassa har ein BMI (body mass index) på 30. eller meir.