Ordførar i Stryn, Sven Flo, reagerer på Framstegpartiet sitt utspel om å legge Nordfjord inn under Møre og Romsdal, og resten av fylket til ein vestlandsregion beståande av Hordaland og Rogaland.

- Dette er eit reint politisk utspel frå FrP, og det er ikkje tufta på realisme i det heile teke, seier Flo, som meiner FrP no stiller seg bak uttalar i Møre og Romsdal om å stå som eigen region, og ikkje til innspela frå resten av Vestlandsfylka.

- Vi ser at sentrale politikarar er redde for ein stor og kraftfull region på Vestlandet, ein region som har kraft, inovasjon og som er framtidsretta, seier Flo vidare.

Han seier også at Nordfjord vil at heile eller delar av Møre og Romsdal skal høyre til ein framtidig vestlandsregion. Flo ser på Hordaland, Sogn og Fjordane og heile eller delar av Møre og Romsdal som ein framtidig kraftregion.

- Vi har eit tett og godt samarbeid med fylket nord for oss. Det FrP gjer no er å tenke veldig snevert, dei tenkjer ikkje framtid og mulegheit for utvikling. Nordfjord er ein del av Sogn og Fjordane, og skal ikkje splittast frå resten av fylket, er Flo klar på.

- Sogn og Fjordane, Hordaland og heile eller delar av Møre og Romsdal er ein framtidsretta modell, avsluttar Flo.