I dag kom det opp nytt Hornindal kommune-skilt på riksveg 15 i Markane. Det er om lag tre veker sidan nokon skrudde ned skiltet, og det er framleis ikkje kome til rette. For vel ein og ein halv månad sidan vart også kommuneskiltet på fylkesveg 60 som stod i indre Hornindal skrudd ned.

Eit nytt skilt kostar 4-5000 kroner, og er Statens vegvesen sin eigedom. Tjuveri av skilt ser dei alvorleg på.