Det var nær ved å gå skikkeleg gale for ein buss på veg mot Oldedalen tysdag.

Det var møtande trafikk, og då køyretøya skulle passere kvarandre på den smale vegen på Strand kom bussen utfor asfaltkanten og vart ståande i grøfta. Heldigvis vart det ingen velt denne gongen, men det skulle ikkje så mykje til før han hadde hamna på sida i vatnet.

- Vegen er smal, det er for få møteplassar, og bilane blir tvinga ut om kvitestripa. Det skjer ofte med personbilar, men når det skjer med bussar, kan det få katastrofale følgjer, seier Jon Olav Kvamme, leiar i Oldedalen Bygdeutviklingslag. Foto: Gunnhild Sindre

- Vi som køyrer Oldedalsvegen ofte er ikkje overraska. Med opp til 90 bussar på ein dag, i tillegg til trailerar, bubilar og småbilar, er sjansen for slike hendingar stor. Vegen er smal, det er for få møteplassar, og bilane blir tvinga ut om kvitestripa. Det skjer ofte med personbilar, men når det skjer med bussar, kan det få katastrofale følgjer, seier Jon Olav Kvamme, leiar i Oldedalen Bygdeutviklingslag, som legg til:

- Fleire delstrekningar på Oldedalsvegen kunne vore utbetra med relativt små midlar. Nestenulukka i går viser at det er på høg tid at noko blir gjort.