Mediekonsernet Polaris Media blir straffa hardt av sviktande annonseinntekter og varslar at ein vesentleg del av spareplanen fram mot 2020 inneber nedbemanningar.

Selskapet fekk auka abonnementsinntekter i andre kvartal, men annonseinntektene fall med 12 prosent – 23 millionar kroner – til 180 millionar.

Det fører til at selskapet planlegg å gjennomføre nye, resultatforbetrande tiltak i storleik 300 millionar kroner som skal realiserast innan 2020. 120– 150 millionar med effekt allereie i 2017. Mens delar av dette er inntektsforbetringar som følgje av satsingar innan annonse, brukarmarknad og siviltrykk, må tilsette i dei mange selskapa innstille seg på nedskjeringar.

Nedbemanning

– Ein vesentleg del av resultatforbetringane vil også måtte skje i form av nedbemanning. Det er lagt til rette for at nedbemanninga skal kunne skje gjennom frivillige ordningar. Styret har gitt ei samla investeringsramme på omtrent 125 millionar kroner for å kunne gjennomføre frivillig nedbemanning, opplyser selskapet i ei børsmelding.

Polaris Media kallar seg det leiande mediekonsernet frå Nordfjord til Finnmark. 35 mediehus inngår i konsernet, blant anna Adresseavisen, Sunnmørsposten og Harstad Tidende. (©NPK)

- Sterkt beklageleg

- I førre runde med nedbemanningar i Polaris sine aviser på Nordvestlandet, slapp Fjordingen  å gjere slike grep. Generelt har Polaris Media vore det konsernet som har klart seg best dei siste åra. Men denne gong ser det meir dramatisk ut, seier redaktør og dagleg leiar Bengt Flaten. – Ingen ting er bestemt på selskaps-nivå enno, men vi er førebudde på at Fjordingen ikkje kjem unna nedbemanning. Det er sjølvsagt sterkt beklageleg for tilsette som vert råka og for avisa.

Han legg til at situasjonen for norske mediehus generelt har blitt meir og meir utfordrande dei siste åra, med auka konkurranse om annonsemarknaden og endra medievaner.

– Dei grepa konsernet og vi etter kvart må gjere, vil forhåpentlegvis gjere oss i stand til framleis å vere den beste leverandøren av lokale nyhende i indre Nordfjord, seier Flaten.