Politimeister Kaare Songstad i det nye Vest politidistrikt inviterte onsdag ordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland til dialogmøte om nærpolitireforma. Politimeisteren var klar på at reformen, som reduserer tal politidistrikt frå 27 til 12, ikkje på langt nær er sett ut i livet. Men endringane politiet skal gjennom kjem no på løpande band. Også nedlegging av Fjordane politidistrikt.

Politimeisteren ønskjer dialog med kommunane om endringane som skal skje. Det er positivt. Spørsmålet mange stiller seg er kva påverknad politikarane reelt har når avgjerd til dømes om tal lensmannskontor skal takast. Håpet er at klare signal frå lokalpolitikarane vert tekne på alvor. Svaret på det får vi i løpet av hausten og vinteren.

Onsdag fortalde politimeisteren om eit politi som skal ha med seg så mykje utstyr i bilane at dei kan gjere mykje av jobben ute. Til dømes avhøyr ved hjelp av lydopptak. Stryn sin varaordførar Torstein Tvinnereim uttaler etter det første dialogmøtet at det er viktig med reell medbestemmelse i beslutninga både på struktur og kva tenester som skal liggje lokalt. Tvinnereim har heilt rett i at det for indre Nordfjord er viktig å behalde lensmannskontoret i Stryn. «Gode bilar utstyrt med moderne teknologi er bra, men kan likevel ikkje erstatte verdien av å ha eit lokalt politikontor som kjenner dei lokale tilhøva ut og inn», seier Tvinnereim.

Dette kan politimeisteren bite seg merke i med det same. Som trafikknutepunkt, stor turistdestinasjon og som fjerde største kommune i Sogn og Fjordane er det avgjerande viktig at Stryn ikkje berre har eit oppmøtekontor, men eit lensmannskontor med dei funksjonar som gjer det attraktivt for polititenestemenn- og kvinner å søkje seg hit.

Eit politi som bur lokalt og er del av lokalsamfunnet, er avgjerande viktig både med tanke på å avdekkje kriminalitet og å førebyggje. Vert lensmannskontoret i Stryn lagt ned, er det eit tidsspørsmål kor lenge det vil bu politifolk i Stryn. Det kan vi ikkje risikere.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør