Ein vikarlege har fått åtvaring for å ha skrive ut betydelege mengder vanedannande legemiddel til seg sjølv og til familiemedlemmer utan undersøking. Han førte heller ikkje legejournal for forskrivinga, opplyser fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Legen hadde fastlegevikariat i ein kommune i fylket, og hadde tidlegare praktisert i andre fylke. I fleire fylke har fylkesmannen fått uromeldingar om legen.

Legen hadde ved fleire høve rekvirert vanedannande legemiddel til seg sjølv og til nære familiemedlemmer. Pasientane blei ikkje undersøkt før legemiddel blei rekvirert og dei blei ikkje følgt opp i etterkant.

I følgje fylkesmannen har Statens helsetilsyn gjeve vikarlegen ei åtvaring for uforsvarleg legemiddelrekvirering og for brot på plikta til å føre journal.