Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, fortalde under møtet mellom Volda og Hornindal på Austefjorden skule i går at ein no jobbar med å få fylkesveg 60 gjennom Hornindal over på Møre og Romsdal.

- Eg har prata med fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen, om dette, og Møre og Romsdal fylkeskommune garanterer for eit planleggingsbeløp når det gjeld utbetring av vegen, seier Amdam.

- Fylkeskommunen i Møre og Romsdal vil ha prosjektet over til dei så fort som muleg, avsluttar Voldaordføraren.

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, seier til Fjordingen at det er blitt brukt store summar på rassikring og tunnelsikring på strekninga Hellesylt-Stranda, og at ei overtaking av fv60 gjennom Hornindal har vore på dagsorden.

- Etter så omfattande utbetringar som er gjort like nord for fylkesgrensa, så kan vi ikkje ha ein samanhengande "telehiv-veg" med stor trafikk gjennom Hornindal, seier Jon Aasen.

- Dersom Hornindal kommune blir ein del av Møre og Romsdal vil utbetringa skje rimeleg fort, seier Aasen.