Frode Grodås er å finne blant deltakarane når opptaka til årets utgåve av Mesternes Mester startar i Hellas i september.

Honndølen, som debuterte i toppdivisjonen i norsk fotball som 17-åring for Sogndal, har 50 landskampar for Norge (mellom anna då Norge slo Brasil i 1998), vore fotballproff både i England og Tysklan og vann FA-cupen med Chelsea, er keepertrenar for det norske herrelandslaget i fotball.

I Mesternes Mester skal han kjempe mot VM- og OL-medaljørar innan m.a. handball, langrenn, skihopping, kickboksing og fekting.

- Kvifor sa du ja til å bli med på dette, Frode Grodås?

- Tja, eg veit ikkje heilt. Eg synest det er eit positivt og "snilt" program. Eg har også snakka med deltakarar som har vore med tidlegare, og som skryter av opplevinga, menneska og settingen. Elles er det no greitt å bli med før ein blir så gammal at ein treng rullator!

- Kva ambisjonar har du?

- Ambisjonane er sjølvsagt å vinne. Her skal langrenn og fekting psykast ut! Elles brukar eg alle triksa som ni år blant 64-årgangen heime i Honndalen har lært meg, spøkjer han, og legg til at han håpar det blir varierande og utfordrande oppgåver - utan symjing.

- Kven ser du på som dei største utfordrarane?

- Eg ser føre meg at Rønning og Jacobsen blir tøffe, og kanskje kickboksar Tonje Sørlie kan slå godt frå seg. Men eg har trua! seier Frode Grodås til Fjordingen.

Dette er deltakarane i årets Mesternes Mester:

Frode Grodås (51) - fotball

Anita Moen (49) - langrenn

EldarRønning (34) - langrenn

Else-Marthe Sørlie Lybekk (38) - handball

Bartosz Piasecki (29) - fekting

Ine Barlie (51) - bryting

AndersJacobsen (29) - skihopp

Tonje Sørlie (35) - kickboksing

HeleneOlafsen (26) - snøbrettboard

Odd Sørli (62) - alpint

Mesternes Mester er eit norsk Tv-program som viser tidlegare idrettsstjerner i uhøgtideleg konkurranse. Vinnaren vert kåra til Mesternes Mester. Programleiar er den tidlegare syklisten Dag Erik Pedersen.

Konseptet er basert på det belgiske Tv-programmet Eeuwige roem. Serien vann Gullruten 2014 iog 2016 som beste reality/konkurranseprogram.

Tidlegare vinnarar:

  • Dag Otto Lauritzen (sykkel)

  • Daniel Franck (snøbrett)

  • Finn Christian Jagge (alpint)

  • Tor-Arne Hetland (langrenn)

  • Marco Elsafadi (basketball)

  • Aleksander Hetland (symjing)

  • Thor Hushovd (sykkel)