Det er ei stund sidan Mariann Rosa Thomassen og resten av bandet bestemte seg for å parkere Surferosa. Etter fleire radiohits og turnear i inn- og utland, inkluert USA-turne med The Killers, bestemte dei for å jobbe med musikk kvar på sin kant.

Men i kveld gjenoppstod Surferosa-sounden i premia på NRK-programmet Stjernekamp, der Kate "Mitt liv" Guldbrandsen hadde valt Surferosa-låten "Saturday night" som sin låt. "Saturday night" vart ein stor hit etter at han var med i filmen "Bare Bea" i 2004.

- Nostalgisk og utruleg kult! seier Mariann om at låten var med i Stjernekamp. Ho er sjølv ansvarleg for teksten og har skrive melodien saman med resten av bandet.

Mariann Rosa jobbar sjølv i studio med ny singel som skal sleppast før jul. Denne er eit samarbeid med londonartisten Ray Noir.