Denne helga er det klart for hausten sitt store høgdepunkt for landet sine 13 og 14 år gamle friidrettsungdomar. Kretslag frå heile landet møtast til dyst under Norges Friidrettsforbund sine regionale ungdomsleikar på Jessheim, på Osterøy og i Stjørdal.

For Sogn og Fjordane er det stemnet på Osterøy som gjeld, og fleire lokale utøvarar er tekne ut til å representere fylket. Særleg er jentene frå våre lokale klubbar godt representert på Sogn og Fjordane sitt krinslag.

Frå Oppstryn IL stiller Karina Skaare Tjellaug (13 år) og Lise Fure Håvik (14 år). Frå Stryn Turn & IL stiller 13-åringane Emilie Flo Stavik, Joanna Kveen Øvre-Flo og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Som einaste gut frå vårt område finn vi 13 år gamle Steffen Melheim frå Olden IL.

Gjennom dei to dagane vil ungdommane møte ein litt annleis konkurranse som friidrettsutøvarar. Dei konkurrerer både som lag og individuelt. Kretsen som oppnår høgast poengsum er vinnar.

Ungdomsleikane er eit av Norges Friidrettsforbund sin viktigaste rekrutteringstiltak, og for mange utøvarar er dette det første møtet med eit større nasjonalt stemne.