Anders Fannemel heldt fram med den gode hoppinga i Japan i dag med ny pallplass. Det vil seie at han har vore på pallen i alle renna han har delteke i under Sommar Grand Prix.

Japanske Taku Takeuchi fekk endeleg teke heimesigeren i Hakuba-bakken, med Joachim Hauer på andre plass og Anders Fannemel på tredje.

- Eg er veldig godt nøgd med hoppinga her i Japan. Dei hoppa eg traff på, var eg best, det vil seie tre av fire konkurranseomgangar. Det er jo ein bekreftelse på at eg ikkje har gjort alt feil den siste treningsperioden. Eg bomma litt med rytmen første hoppet i dag tidleg, noko som gjorde at eg ikkje fekk kjempa heilt i toppen. Men det har vore ein fin tur! seier Anders Fannemel til Fjordingen.

Etter renna i Japan er no Anders Fannemel oppe på pallen i Sommar Grand Prix samanlagt.

Polske Maciej Kot ligg på første plass, framfor Andreas Wellinger, Tyskland, og Anders Fannemel, Norge.

- Det er vel langt over målsetjinga, med tanke på at du berre har vore med på rundt halvparten av renna?

- Eg har berre hoppa tre av seks konkurransar til no, ja, og vore på pallen i alle. Så det er eg godt nøgd med! seier Anders Fannemel.