Statsutstillinga i Stryn har aldri vore mindre, menkvaliteten var topp. Treårsmerra Alma frå Sandane kan smykke segmed tittelen «verdens beste fjording» etter ein poengsum som ingenhar sett maken til tidlegare.

Ho vart kåra både til dagens fjordingog best på utstillinga.

-Berre tiarar i poeng med unnatak av beinasom fekk ni. Eg kjenner ikkje til at fjordhest har fått så mangepoeng tidlegare, sa sjefsdommar Kari Anne Indrebø som oppmodapublikum om å lytte når ho les opp poenga til den vakre merra tilDan Ole Alme.

Alma er etter Fjelltor og Aarnes Lerka, og det ermykje av den omstridde Kviten i denne vakre ullsblakke merra, somgår ei spennande framtid i møte. Vi noterte god lokal innsats dåpremiane vart fordelte, og dårleg deltaking i år har naturlegforklaring.

Det har vore stor jubileumsutstilling på Stord. Mangetrekte dit, men toppkvaliteten fann vi i Stryn.

Dommarane eroptimistar. Etterspurnaden på fjordhest er betre enn på lenge,prisane går opp og mange merrar er bedekka i sommar

Du finn meir frå utstillinga og aktivitetsdagen i Fjordingen sine utgåver tysdag og fredag.