6,55 årsverk forsvinn når Stryn statlege mottak stenger dørene 30. november inneverande år. Mottaket mistar og eitt årsverk i høve nedbygginga av 30 opsjonsplassar som forsvinn alt torsdag. 140 asylsøkjarar er i dag tilknytta mottaket.

-Korleis tek dei tilsette i Stryn nedlegginga?

- Dei tilsette er sjølvsagt veldig triste. Dei ønska naturleg nok å behalde arbeidsplassen sin, seier regionleiar vest for Norsk Mottaksdrift AS, Ronja Trolie som besøkte mottaket i Innvik sist fredag.

Kviar seg for ny flytteprosess

- Dei tilsetter uttrykte då mest bekymring for bebuarane sine. Dei er opptekne av at bebuarane skal ha eit stabilt bumiljø heilt fram til dei skal flytte, seier ho.

- Korleis tek asylsøkjarane som i dag er tilknytta dette mottaket nedlegginga?

- Mange av dei vil alt vere flytta ut i kommunane eller reist heim før mottaket leggjast ned. Vi har enno ikkje hatt eit samla informasjonsmøte med alle bebuarane i Stryn, men vi veit at dei sjeldent ønska å gå ut i ein ny flytteprosess, seier Trolie.

- Vemodig

Den nytilsette leiaren ved mottaket seier bebuarane der er bekymra for vegen vidare.

– Bebuarane er opptekne av kva som skjer med dei. Dei er uroa over at mottaket skal stenge, seier mottaksleiar Ingrid Gjerløw som tok til som leiar der så seint som første august.

– Eg har trivdes i jobben frå dag ein, så sjølvsagt er det vemodig. Vi er triste og overraska over at mottaket skal leggast ned, seier Gjerløw i ein kommentar.

Massiv nedlegging frå UDI

Bakgrunnen for at UDI no legg ned 7000 mottaksplassar er at det kjem færre asylsøkarar til landet enn først antatt. Før sommaren varsla UDI at det kunne bli aktuelt å legge ned fleire asylmottak denne hausten om talet på asylsøkarar til Norge heldt fram med å synke.

Asylsøkjarane som får innvilga opphald vil fortløpande få busetjing på adresse i Norge.

- Dei tilsette ønska naturleg nok å behalde arbeidsplassen sin, seier Ronja Trolie, regionleiar ved Norsk Mottaksdrift AS. Foto: Anne-MAri Aalberg