Stryn hadde størst folketalsauke av alle nordfjordkommunane i andre kvartal med ein total folketalsvekst på 53 personar, og hadde dermed nest størst folketalsvekst i heile fylket. Berre Førde hadde større auke i folketalet med ein total folketalsvekst på 103 personar.

KommuneFødselsoverskotNetto innvandringNetto innflyttingFolketalsvekst
Stryn9281653
Eid6152041
Gloppen- 3251234
Selje- 312- 45
Hornindal5- 2- 6- 3
Vågsøy112- 16- 3

Totalt auka folketalet her i fylket med 302 personar andre kvartal. Dette er den største kvartalsvise folkeveksten i fylket på mange år, opplyser Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Pr. 1. juli 2016 bur det 109.925 personar i Sogn og Fjordane.

Det fyrste halvåret av 2016 har folketalet i fylket totalt auka med 395 personer. Denne veksten er på 121 fleire personer i samanlikning med fyrste halvår i  fjor. Då var auken på 274 personar.  Berre ei gong dei siste 10 åra har Sogn og Fjordane hatt ein sterkare  prosentvis folkevekst i fyrste halvår enn i år, opplyser fylkeskommunen på si nettside. Statistisk sett har 2. kvartal ofte vore den perioden der folketalet har hatt størst vekst.