– Denne øvinga blir mest mogleg reell. Vi får ikkje gå inn i huset før vi skal inn å sløkke. Det einaste som skil denne øvinga frå ein ekte brann er at vi har meir tid til å rigge oss til, forklarte brannmannen Hans Olav Bøe medan han tok på seg utstyret med oksygentank, maske og det heile.

Fullt utstyr på ryggen veg 14,5 kilo. Kleda dei har på seg skal tole opptil 500 grader celsius.

Spanande og varmt

– Ein kjenner varmen veldig godt om ein liten del av jakka ikkje dekkjer skikkeleg. Det er rett og slett ein vanvittig varme der inne, seier Steffen Svarstad som var ein av tre som testa varmdykk for første gong tysdag.

– Det er spanande. Det er veldig varmt og ein ser nesten ingenting i røyken. Ein må gå etter flammane og helde seg langs golvet, forklarar Christian Vinsrygg etter sitt første dykk.

- Verdifull læring

Brannvesenet er pliktige å halde varmdykk ein gong i året. Om ein får ein einebustad å trene på blir det heile langt meir reelt.

– Det er noko anna å trene på varmdykk i ein einebustad enn i ein tank. Det er verdifull læring. Plutseleg er det alvor, seier brannsjef i Stryn, Jarle Dragesæt.

Stryn brannvern fekk skryt for godt gjennomført kurs frå dei tre erfarne kurshaldarane frå Florø.

Bustaden, som var 80 år gamal, vart kontrollert nedbrent i påsyn av fleire sivile som hadde samla seg på Robjørgane for å sjå på brannen.

– God underhaldning på ein tysdagskveld, sa ein av dei.