Statens Vegvesen går for tunnel frå Skåre til Breidalen med arm til Geiranger. Det er i tråd med ynskjer frå heile regionen, og prislappen er 5,4 milliardar kroner.

-Eit kjempegjennomslag for oppgradering av vegen over Strynefjellet er kommentaren frå ordførarane i dei tre «vertskommunane» Stryn, Stranda og Skjåk. I tillegg til at Vegvesenet vil levere endeleg framlegg til KVU i løpet av september, er rapporten frå Transportøkonomisk Institutt ei klar underbyggjing av tidlegare argument for nye tunnelar.

-Det er ein styrke for saka at vegvesenet no er så tydelege på kva som er beste løysinga, seier Sven Flo. Både han og ordførarkollega Jan Ove Tryggestad  på Stranda signaliserar at dei er klare for oppstart med kommuneplanarbeidet. Det gjeld både det aktuelle anleggsområdet på Skåre og i Geiranger.

-Eg føler at vi er på rett veg når vegvesenet no legg fram den løysinga vi har kjempa for, er kommentaren frå Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet o Thor Tenden Transport.

Det var full semje i møtet i Geiranger måndag om at dette er ei sak både for Oppland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

- Strynefjellet er ikkje ein konkurrent til andre. Det er eit prosjekt som står trygt på eigne bein, vart det sagt. No handlar det om å stå skulder ved skulder i kampen om å sikre midlar.

-Vi kan ikkje kome utanom nye tunnelar på Strynefjellet i rulleringa av NTP, meiner Sven Flo. Alt anna vil vere ein politisk skandale når vi kjenner kvaliteten på tunnelane i dag og også det faktum at nedslagsfeltet for Strynefjellet er større enn tidlegare rekna med.

Ein ny tunnel vil erstatte dagens tre smale tunnelar. Her frå vogntogmøte i Oppljostunnelen. Foto: Bengt Flaten