Førsteomgang var jamn, men ein utvisning av Iva Borovac på Stryn kosta dyrt, og Fram frå Larvik kunne gå til pause med firemålsleiing 9 - 13.  Stryn starta noko svakt i andre omgang og Fram var ei periode oppe i sjumålsleiing.

Stryn gav ikkje opp og kjempa mot stadig meir usikre Framspelarar. Stryn tok sakte men sikkert innpå og minuttet før slutt var det berre eitt mål som skilde laga. Diverre for heimelaget enda kampen med 20-21.

Heimelaget viste likevel stor framgang frå sist kamp og fleire ungjenter imponerte mot rekruttlaget til Larvik laurdag.

Les meir om kampen i tysdagsavisa.