For Johannes var dagens jaktstart mest eit testløp.

Isolert sett kunne Markane IL-løparen altså kjempe om gull under dagens jaktstart, men ettersom Johannes vart diskvalifisert under sprinten i går laurdag kunne stryningen uansett ikkje kjempe om gullet i dag.

- Eg jobba knallbra sjølv om det var litt det same korleis det gjekk i dag, sa Johannes til TV2 Sportskanalen etter målgang.

Trass i at han framleis ikkje har NM-medalje i rulleskiskyting er Johannes nøgd med årets NM.

- Eg har vel eigentlig to sigrar her, så eg må vel vere nøgd med det, sa Johannes med eit smil.

Johannes sitt første NM-gull i rulleskiskyting må difor eventuelt vente til neste år.

- I mitt hode tok eg sølv, sa vinnaren Vetle Sjaastad Christiansen (Geilo IL) etter målgang. Han gjek i mål snaue åtte sekund føre Lars Helge Birkeland. Tredjeplassen gjekk til Aslak Nenseter.

Jarle Midthjell Gjørven i Markane IL enda til slutt på 28. plass i dag søndag. Klubbkamerat Johan Eirik Meland vart diverer diskvalifisert.

Heile resultatlista finn du her