Det var etter at ein ven av Justin Bieber, Rory Kramer, la ut eit bilete frå Bieber på Twitter som no har laga rykter om at Bieber er i Hjelledalen i Stryn. Etter det Fjordingen kjenner til skal fleire ha sett popstjerna i Hjelledalen søndag.

Tv2, som først omtalte saka, viser og ein video som ifølge TV2, er publisert av popstjerna sin faste kokk, Chef Aleem. Videoen viser det som skal vere Hjelle Hotel ved Oppstrynsvatnet

Hotellbestyrar Lorentz Hjelle, seier følgande på spørsmål om kloden si største popstjerne er, eller har vore gjest på hotellet.

- Eg har ingen kommentar til dette, seier Hjelle til Fjordingen.

Justin Bieber er altså i Norge i høve konsertane som heldt i Telenor Arena fredag og laurdag.

Har du tips i denne saka?

Kontakt Fjordingen på tlf. 57874510 / 98244635 eller redaksjon@fjordingen.no