I Stryn kommune sin økonomiplan for 2016-2019 er det lagt inn ei auke av inntekter igjennom eigedomsskatt på fem millionar kroner frå og med 2018.

Ein føresetnad for desse inntektene er at det må gjerast ei allmenn omtaksering av eigedomane dette året. Kostnadane med omtaksering er ikkje lagt inn i økonomiplan for 2016-2019.

Kommunen tek rekninga

Spørsmålet dreide seg altså ikkje om det skal gjerast, men korleis. Dette var tema under kommunestyremøtet torsdag kveld.

- Omtakseringa ved hjelp av Trondheimsmodellen vil koste kommunen ca 2,8 mil. kr medan kombinasjon av formuesgrunnlaget og Trondheimsmodellen vil koste ca 2,3 mil. kr, heiter det av det aktuelle kommunale saksframlegget som danna grunnlaget for diskusjonen.

- Vil ikkje ha eigedomsskatt i det heile

Saka om retaksering var oppe i siste formannskapsmøte og vart vedtatt under kommunestyremøtet førre veke. Det var berre Anders Magne Vik (Frp) som gjekk imot dette forslaget.

- Eg vil ikkje tenkje så mykje på kva slags modell vil skal nytte for retaksering, fordi eg vil ikkje ha eigedomsskatt i det heile, sa Vik under formannskapsmøtet. Under det avgjerande kommunestyremøtet foreslo han å halde takstane uendra fram til 2020.

Vik kunne berre hoderistande konstatere at det vart full semje for rådmannen si tilråding i saka.

- Skatten skal oppfattast rettferdig

Rådmannen sitt framlegg til vedtak var at «Trondheimsmodellen» skal nyttast som metode ved ny allmenn taksering i Stryn. Kostnadane på 2,8 mil. kr skal innarbeidast i budsjetta for 2017 og 2018.

Av grunngjevinga frå rådmannen blir det lagt vekt på at det ikkje blir nytta skjønn i formuesgrunnlaget. Det betyr at standard og kvalitet på bygningsmassen ikkje vert vurdert, noko som betyr at eit falleferdig hus vert taksert likt med eit fullrenovert hus med lik alder, likt areal og geografisk plassering i kommunen.

- Likehandsaming av samanliknbare eigedomsskatteobjekt er ein viktig faktor for at skatten skal oppfattast «rettferdig» og vil vere ein føresetnad for viljen til å betale skatten.

Trondheimsmodellen vil vere den mest ressurskrevjande metoden for omtaksering men heimelshavarane er kjend med metoden og det vil truleg vere den metoden som gjev minst arbeid med forespørslar og klager i ettertid, heiter det av grunngjevinga.

Det vart som rådmann Per Kristian Storevik tilrådde. Han meiner retaksering er rettferdig samstundes som den gir kommunen nye inntekter. Foto: Roger Oldeide
Anders Magne Vik (Frp) foreslo å halde eigedomstakstane uendra fram til 2020, men til ingen nytte. Foto: Roger Oldeide