Familien Lefdal kan puste ut etter ei hektisk helg der Justin Bieber sin visitt i Stryn tok all tid. John Olav Lefdal var organisatoren bak verdsstjerna sin fridag i indre Nordfjord, og sytte for å ordne hotell, båttur, ATV-køyring og helikoptertur. Innimellom kosa den unge artisten seg med eit heilt sikkert temmeleg kaldt bad i Oppstrynsvatnet og bålkos i fjøra ved Hjelle Hotell. - Ein kjekk dag for Stryn og heile Nordfjord, seier John Olav Lefdal.

Adrian Lefdal var med og bidrog med vakthald for å skjerme verdsstjerna sitt privatliv, og som takk for innsatsen fekk han i dag eit klenodium som mange "beliebers", Justin Bieber-fans, nok misunner han: Den kvite lua Justin Bieber brukte på turane rundt i distriktet først på dagen søndag.

- Moro å ha, seier den unge vertshuseigaren.

Det er noko som heiter å få så hatten passar, men her er det vel heller snakk om å måtte passe godt på hatten!