Blant dei 537 namneforslaga som var kome inn var ikkje juryen i tvil: Den nye turisthytta på Skåla er døypt "Skålabu".

Det var på bakgrunn av ein namnekonkurranse at den nye turisthytta har fått namnet sitt.

- Engasjementet rundt konkurransen har vore stor og vi fekk inn heile 537 namn. Omlag 50 personar foreslo Skålabu som offisielt namn på den nye turisthytta på Skåla, seier leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven til Fjordingen.

Stort engasjement om namn - Omlag 50 personar foreslo Skålabu som offisielt namn på den nye turisthytta, seier dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven. Foto: Roger Oldeide

- Skålabu kling godt saman med Skålatårnet. I tillegg var Skålabu det namnet som var føreslått flest gongar av publikum, så det er tydeleg at Skålabu kling godt i fleire øyre. Alle i juryen vart ganske fort einige i at dette er eit godt namn for den nye hytta.

Det seier jurymedlem og hytte- og rutesjef i Bergen og Hordaland Turlag, Johnny Bjørge.

I juryen satt også Tore Johan Smidt (styreleiar i Bergen og Hordaland Turlag), Helene Ødven (dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag), Petter Bjørstad (økonomisk bidragsytar og fjellsportentusiast) og Henning Klouman.

Hytta er ferdig og blir opna for publikum dei næraste dagane.

- No ventar vi berre på at veret skal spele på lag så vi får flydd opp bord, stolar, proviant og madrasser før Skålabu åpnast for publikum, opplyser turlaget.

Blant andre forslag til namn var Koppen, Fatet, Kneskåla, Hanken, Doskåla, Himmelsjå, Utsikten, Vidsyn, Falkeblikk, Skålafalken, Skålavingen, Skavlen, Kloumans Kvile, Singerhytta og Mjølkesyra Rekonvalesentheim, skriv Bergen og Hordaland Turlag på sine nettsider.