Utstillingar, maskinførarkonkurranse og fagseminar var noko av det som stod på programmet da Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) arrangerte maskinmesse i Loen i helga. 52 leverandørar til anleggsbransjen var til stades, det var også eit stort publikum som mellom anna kunne prøve simulatorar for gravemaskin og hjullastar. - Her er det mykje leiketøy for store gutar, sa Audun Schelander som var ein av dei mange som stod på stand i Loen denne helga.

Mange samla seg også rundt dei som deltok i maskinførarkonkurransane med presisjon på millimeteren. I år kunne også borna få vere med på konkurransen. Fagsjef i MEF Finn Bangsrud og Kjell Arne Aurstad i K.A. Aurstad var blant føredragshaldarane under fagseminaret på Hotel Alexandra.