Stiftinga Heradsheim hadde søkt om å få ettergitt gjelda til Stryn kommune. Eit samla kommunestyre vedtok torsdag å ettergi gjelda på 69.720 kr.

Styret i stiftinga skreiv i søknaden at dei ønskjer å utvikle kjellaren i bygget, noko som måtte forutsette at uteståande gjeld hos kommunen måtte ettergjevast.  - Slik situasjonen er no er det mogleg å fortsette drifta, men lite handlingsrom til forbetringsog utviklingstiltak, står det i saksframlegget.

I handsaminga av søknaden la Stryn kommune vekt på at bygget inneheld ein viktig funksjon i Stryn kommune med mellom anna nemlig turistinformasjonen. - Drift og faste utgifter blir pr. i dag dekka av leigeinntekter, kr. 50.000,-, utan økonomisk vinning etter formåla til stiftinga. Stiftinga har gjort ein god jobb med forbetring av bygningsmassane og innhaldet i bygget. Ei ettergjeving av låna til Stryn kommune vil kunne gje stiftinga muligheiter til å kunne vidareutvikle eigedommen og innhaldet, står det i grunngjevinga. Det vart semje om følgande tilråding frå rådmannen:

- Stryn kommune imøtekjem søknaden om ettergjeving av lån kr. 69.720,- til Stiftinga Heradsheim, ved bruk av fritt disposisjonsfond.

Stiftinga Heradsheim blir med dette gjeldsfri iht. Stryn kommune.