Det kan sjå ut som om Bjørn Lødemel sin nominasjon som toppkandidat for Sogn og Fjordane Høgre heng i ein tynn tråd, etter at fleire lokallag i fylket har lete vere å renominere han på stortingslista.

Fleire har gjeve uttrykk for at Hornindal si samanslåing med Volda har gjort det problematisk å renominere honndølen.

– Det vert jo kanskje litt vanskeleg for Sogn og Fjordane Høgre åskulle fronte ein som skal inn i Møre og Romsdal, seier Finn Ove Njøsen, gruppeleiar iFørde Høgre, til NRK. Førde Høgre er eitt av lokallaga som har vraka Bjørn Lødemel som toppkandidat. Det same har også mellom anna Høgre i Sogndal gjort.

Bjørn Lødemel sjølv har tidlegare sagt til Fjordingen at han har forståing for at Hornindal-Volda-situasjonen har ført til at det bilr stilt spørsmål.

- Men eg for min del har sagt at eg vil gå til val for Sogn ogFjordane Høgre. Og vil eg sjølvsagt arbeide etter det programmet eg er valt på, om eg kjem inn. Så får kvar enkelt i denne prosessen sjølve veljekva vekt dei vil leggje på regionreforma, seier Lødemel.

Ordførar i Stryn, Sven Flo, står også på lista over aktuelle stortingskandidatar. Han har tidlegare gjeve klart uttrykk for at han ikkje ønskjer å vere ein konkurrent til Bjørn Lødemel. Han er no nominert på andre plass, bak Frida Melvær, på Førde Høgre si liste og på topp på Sogndal Høgre si liste.