Dei siste åra har vedfyringa gått markant ned. Vi brenner ved for nesten 1,9 milliardar kroner mindre enn for seks år sidan.

Medan norske hushald brukte ved som gav til saman 8,13 terawattimar (TWh) med energi i 2010, var talet nede i 5,76 TWh, skriv Adresseavisen og viser til tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ifølgje Enøk kostar ved som gir 1 terawattime i ein relativt moderne omn, omtrent 79 øre. Dermed er den samla innsparinga rekna med å vere 1,87 milliardar kroner eller rundt 800 kroner per husstand.

– Vedforbruket varierer frå år til år. I 2010 var det til dømes ein hard vinter, noko som førte til eit stort forbruk, seier fagsjef Øyvind Stranna Larsen i Norsk Ved, som organiserer lokale vedprodusentar.

Hos Plantasjen Norge trur salssjef Hilde Rokke Poppe at nye og betre varmepumper og elektriske omnar, i tillegg til omtale av forureining frå vedfyring er faktorar som bidrar til at vedforbruket går ned. (©NPK)