Kraftig nedbør i løpet av natta og kjøligare ver har gitt snø i fjellet. I Indre Nordfjord ligg snøen no på under 1.000 meters høgde, fleire stader heilt ned til 6-700 meter over havet. Webkamera frå Breidalen på rv 15 Strynefjellsvegen viser at det ligg snø og slaps langs vegen fredag mogon. Vermeldingane fortel at det skal vere låge temperaturar og kome meir nedbør i løpet av helga. Difor vert trafikantar anbefalt å sjekke føreforholda godt før ein reiser opp i høgda på sommardekk.

Fredag morgon var rv 55 Sognefjellsvegen stengd på grunn av snøforholda, men vegvesenet vil gjere nye vurderingar i føremiddag. Sjekk føreforholda på vegvesenet sine nettsider.