Ekornes skal redusere med inntil 50 stillinger i såkalla «indirekte aktivitetar». Det opplyser selskapet i ei børsmelding onsdag. Målet er å spare selskapet for 150 millioner kroner i utgifter.

– Tiltaket vil gjennomførast ved omplasseringar, tilbod om sluttpakkar og oppsigelsar. Rundt halvparten vil bli tilbudt nye stillingar innan produksjon. Med om lag 1 000 sysselsatte i produksjon gir den naturlege avgangar fleksibilitet til omplassering, heiter det i meldinga.

Reduksjonen vil i hovudsak takast frå administrative stillingar innen Stressles-segmentet og på konsernnivå.

Ekornes si avdeling på Grodås vil bli påvirka.

- Ja, det vil det. Totalt er det 25 årsverk som skal bort fordelt mellom avdelingane i Sykkylven og på Grodås. Korleis fordelinga mellom desse vil bli er ikkje klart, seier konsernsjef i Ekornes Olav Holst-Dyrnes til Fjordingen.

Han legger til at nokre av dei som i dag er i administrative stillingar vil gå tilbake til ei stilling i produksjonen.

- Det er aldri kjekt å måtte foreta slike grep, men dette er ein del av ein prosess vi starta allereie i august fjor. Vi vil kjøre ein prosess på dette den komande månaden. Dette er grep vi må ta for å styrke vår konkurransedyktigheit. Vi må ligge i forkant, seier Holst-Dyrnes.

Tiltaka med å fjerne 50 stillinger er venta å spare Ekornes for 20 millioner kroner årleg. Samstundes er det satt av ti millionar kroner til å gjennomføre tiltaka.

Møbelprodusenten har ved fleire høve korta ned arbeidsveker for dei tilsette. Så seint som i sommar beslutta dei å legge ned fabrikken på Hareid og samle verksemda ved fabrikken i Sykkylven.